Natur- og Kulturbarnehage på Voss

Regnbogen er ein «open» barnehage. Me har 55 born kvar dag i alderen 1 – 5 år. I vår barnehage er det ingen avdelingar, men borna er inndelt i grupper etter alder. Borna vert såleis godt kjende med alle vaksne og born i barnehagen, og får fleire leikekameratar å velja mellom, samstundes som barnehagen utnyttar dei vaksne sine ressursar til det beste for alle borna.

Kvardagen i barnehagen består av mykje omsorg, leik og humor. Sosial kompetanse er viktig å kunna, og det er eit gjennomgåande tema i Regnbogen.

Me er mykje ute heile året, så årstider og ver er noko regnbogeborna vert gode på. Satsingsområdet vårt og anna me driv med, kan de lesa om på denne heimesida. Ein god start for alle! Regnbogen barnehage har som visjon: «Ein god start for alle.»

Vi som arbeider i Regnbogen ynskjer at vår barnehage skal vere ein arena for positiv utvikling.

«Barn er den kraften i samfunnet – som når de vokser opp skal endre verden til det bedre.»

– Magne Raundalen

Regnbogen ynskjer å ha dette som ein grunnpilar.

Trygg på nett (pdf)

Stortingsmelding 24 – Framtidens barnehage

Miljøfyrtårn-stiftelsen